sjukepleiar/vernepleiar

Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF ÅLESUND Publicerat 26 augusti 2026
Fastonsite
Ved Allmenpsykiatri Sunnmøre (tidl. Utgreiing og behandling), har vi no ledig fast 50% stilling som sjukepleiar/vernepleiar med arbeid kvar 3. helg. Stillinga er ledig fra 01.11.26. Vi søker deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang. Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrrelsar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar. Seksjonen tilbyr mellom anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn. Arbeidsoppgåver - Planlegging og gjennomføring av målretta pleie og miljøterapeutiske tiltak - Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa - Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrer - Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak - Bidra til fagleg utvikling av sjukehuspsykiatrien Kvalifikasjonar - Norsk autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar - Ønskeleg med relevant erfaring i psykisk helsearbeid eller rus. - Må beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar - Du arbeider sjølvstendig - Du er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre - Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo - Du bidreg til godt arbeidsmiljø - Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr - Sterkt tverrfagleg samarbeid - Ein inkluderande arbeidsplass - Løn etter gjeldande overeinskomstar - Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, 70106510, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5167876855 Stillingsprosent: 50% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 10.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no