Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Stranda og Liabygda sokn som særskild tenestestad
Det er ledig stilling som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti, med Stranda og Liabygda sokn som tenestestad.
Saman med Norddal, Stordal, Sunnylven og Geiranger sokn utgjer dette eit samarbeidsområde med tre sokneprestar. Prostiet er tenestedistrikt. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Der er tilsett to trusopplærar i tilsaman 150 % stilling. Dei deler arbeidet mellom alle sokna i samarbeidsområdet. Det er svært god oppslutning om konfirmasjon. Konfirmantane i Liabygda tek undervisninga i Valldal der dei går på ungdomsskule. Det er mellom 35 og 40 konfirmantar i Stranda. Det er også fleire felles arrangement for konfirmantane innan samarbeidsområdet. Soknepresten har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, men trusopplærar er også med ved fleire høve. Soknerådet er også aktivt, og til stor støtte for soknepresten og det kyrkjelydsbyggjande arbeidet. Etter gjeldande gudstenesteforordning får Stranda sokn 41 hovudgudstenester på søn- og helgedagar, og Liabygda 16 for året. Andre prestar tek også gudstenester her.
Stranda er ein jordbruks- og industrikommune. Her er godt utbygde servicenæringar, og mange bedrifter innan næringsmiddelindustri. Det er tilnærma full barnehagedekning. Kulturskulen har særs høg kvalitet og mange ulike retningar å velje mellom. Det er stor aktivitet innan fotball og handball. Stranda kommune ligg midt i hjartet av turismen på Vestlandet. Her er ein storslått natur prega av høge fjell og vakre, levande fjordbygder. Delar av Sunnmørsalpane ligg innanfor kommunegrensa og er eit eldorado for friluftsliv sommar som vinter. Stranda skisenter har 7 heiser og 18 nedfarter, og er rekna som eit av dei finaste skisentera i landet. I Stranda er det omsorgssenter, og i Liabygda omsorgsbustader. Soknepresten har regelmessig andakter på desse.
Stranda kyrkje ligg i sentrum like ved prestegarden, og vart bygd i 1838. Det er god fergeforbindelse til Liabygda sokn. Kyrkja i Liabygda er ei vakker trekyrkje frå 1917. Kyrkjegarden er velstelt og omkransar kyrkja.
I tettstaden Stranda finn du rådhus, bankar, butikkar, post, barnehagar, grunnskular, to vidaregåande skular, idrettshallar, regionalt kulturhus, kunstgrasbane, småbåthamn, helsesenter og eit bu- og aktivitetssenter for eldre. Stranda har organiserte fritidstilbod for alle aldersgrupper. Bussambanda til Ålesund, Oslo, Bergen og Trondheim er gode.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv den vidaregåande internatskulen ”Vestborg” med ca. 80 elevar på Stranda. Dei har også eit barne- og ungdomsarbeid. Her er misjonsforeiningar for ytre- og indremisjon. Folkekyrkja står sterkt i dette området og innbyggjarane er glade i kyrkjene sine. Sokna ynskjer seg ein prest med visjonar og lyst til å vere med å drive kyrkjelydsarbeid for alle aldersgrupper. Ny gudstenesteordning og trusopplæringsplanar gir mange spennande utfordringar i tida framover.
Velkomen til oss!
Arbeidsoppgåver
-Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
-Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
-Soknepresten og resten av staben tek del i kyrkjelyden si trusopplæring og anna arbeid.
-I samarbeidsområdet deler dei tre prestane på gudstenester og kyrkjelege handlingar mellom seg etter oppsett arbeidsplan, og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
-Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane
Kvalifikasjonar
Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
-Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk ståstad.
-Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg.
-Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.-Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
-Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
-Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule.
Personlege eigenskapar
-Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
-Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
-Sjølvstendig og strukturert.
-Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper. Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar. Vi tilbyr
Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i KLP
Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar
Dnk eiendom eig en prestebustad like ved Stranda kyrkje, som kan bli stilt til disposisjon for prest.
Anna
For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og res
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no