Sokneprest i Sunnhordland prosti med sokna Fjeldberg og Eid, og Åkra i Kvinnherad som tenestad
Det er ei ledig stilling som sokneprest i Sunnhordland prosti med Fjeldberg og Eid sokn, samt Åkra sokn og sokna i Kvinnherad som tenestestad. I Kvinnherad kommune er det vel 13 000 innbyggjarar. Her er flott natur som gjev gode høve til rekreasjon og naturopplevingar. Det er også eit variert næringsliv med m.a. Hydro Husnes, maritime næringar og Valen sjukehus. Husnes har eit stort butikksenter med mange av dei offentlige tenestene, og Kvinnherad vidaregåande skule. Rådhuset ligg i Rosendal. Det går ei hurtigbåt til Stord frå Ranavik og Sunde med hyppige avgangar morgon og ettermiddag, her er og ein attraktiv arbeidsmarknad. Fjelberg og Eid sokn ligg i sørlege delen av Kvinnherad kommune. Soknet har omlag 1700 medlemmer. Her ligg barneskule, ungdomsskule og Sunnhordland folkehøgskule. Soknepresten har jamleg andakt på sjukeheim og omsorgsbustader på Halsnøytunet. Halsnøy kloster ligg også i soknet, ein av nøkkelstadane på Kystpilegrimsleia. Soknepresten kan bli ein del av arbeidet med kystpilegrimleia og jobbe i samarbeid med bispedømet sin eigen pilegrimsprest. Soknet har to trekyrkjer: Eid kyrkje (1824) og Fjelberg kyrkje (1722). Soknet har også fleire bedehus. Det er gudsteneste i soknet dei fleste sun- og heilagdagar. Åkra sokn ligg nord-aust i kommunen, og medlemstalet her er omlag 150. I soknet er det barnehage og barneskule. Soknet har ei kyrkje - Åkra kyrkje frå 1735. Det blir halde gudsteneste om lag kvar fjerde sundag. Soknepresten har sete i sokneråda Fjelberg & Eid og Åkra, og har hovudansvar for kontakt mellom kyrkje, skule og barnehage i soknet, og for konfirmantarbeidet. Det er eit godt samarbeid mellom tilsette i kyrkja og friviljuge medarbeidarar i kyrkje og bedehus. Det er felles kyrkjekontor på Valen for alle sokna i Kvinnherad kommune. Her er kontor for kyrkjeverje, dei fire sokneprestane i kommunen, kantor/organistar, trusopplærarar og kontormedarbeidarar. Dei tilsette samlast til regelmessige møter. Sokneprestane deler tenestevekene og samarbeider om prestetenesta. Les meir om Kvinnherad sokn på https://www.kvinnherad.kyrkja.no/ Prosten leiar prestetenesta i prostiet. Prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging. Målforma i prostiet er nynorsk. Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter. Arbeidsoppgåver Gudstenester etter oppsett plan Tenesteveker i heile kommunen Medlem i Fjelberg & Eid sokneråd, og Åkra sokneråd Konfirmantarbeid Kyrkjelydsbyggjande arbeid Arbeid med kystpilegrimsleia i samarbeid med pilegrimspresten i bispedømet Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja Kvalifikasjonar Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum Medlemskap i Den norske kyrkja Personlege eigenskapar God evne og vilje til samarbeid med stab, råd og frivillige Engasjement for prestetenesta Evne og vilje til samarbeid Evne til å kommunisere med ulike aldersgrupper Søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje Vi tilbyr Stillingskode 1555 Sokneprest etter KA sitt tariffområde Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler Arbeidsvegleiing (ABV) Andre opplysningar: Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil. Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g. Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Kontaktinformasjon Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276 Arild Steinsland, Prost i Sunnhordland, 91555580 Arbeidsstad Klubbavikjo 9 5451 Valen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Den norske kirke Referansenr.: 5141850059 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no