Spesialfysioterapeut/fysioterapeut

Klinisk fysioterapi og førebygging, Helse Førde FØRDE Publicerat 7 september 2026
Fastonsite
Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/spesialfysioterapeut. - Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus - Oppstart: 04.01.2027 Om stillinga Ein av våre dyktige spesialfysioterapeutar går over i ei anna stilling i seksjonen, og vi har derfor behov for å styrke teamet vårt. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot spesialisert rehabilitering, samt arbeidsoppgåver i andre avdelingar ved behov. Som fysioterapeut vil du vere ein del av eit sterkt tverrfagleg team rundt pasientar som får spesialisert rehabilitering på sjukehuset. Rehabiliteringsavdelinga har åtte sengeplassar. Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje. Om seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i medisinsk klinikk, under avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Seksjonen har 23 stillingar og gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Vi har eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar med variert erfaring og kompetanse. Seksjonen har eit tydeleg fokus på fagutvikling, kunnskapsdeling og bruk av nye teknologiske løysingar. I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling er fleire tilsette aktive innan innovasjon, tenesteutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid. Saman arbeider vi for å utvikle moderne, framtidsretta og berekraftige helsetenester til beste for pasientane. Vi er opptekne av eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og trivsel står sentralt. Arbeidsoppgåver - Gjennomføre kliniske undersøkingar, funksjonsvurderingar og målretta oppfølging av innlagde pasientar på rehabiliteringsavdelinga. - Bidra inn mot andre avdelingar ved behov. - Bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid med relevante faggrupper for å sikre heilskapleg pasientbehandling. - Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav. - Delta i fagutvikling, undervisning og kompetansedeling på tvers av avdelingar. - Samhandle med primærhelsetenesta for å sikre god overgang og oppfølging etter utskriving. - Delta i helgevakts - og heilagdagsturnus. - Rettleiing av studentar og turnuskandidater. Kvalifikasjonar - Må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut. - Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg. - Ønskeleg med erfaring med arbeid i tverrfaglege team. - Ønskeleg med erfaring fra spesialisthelsetjenesta. - Ønskeleg med erfaring og kompetanse innan nevrologi. Personlege eigenskapar - Du er ein engasjert person med gode kommunikasjonsevner. - Du må kunne strukturere dagen din. - Du har høg arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt, både sjølvstendig og som ein viktig del av tverrfaglige team. - Du er løysingsorientert og ønskjer å vidareutvikle deg som terapeut. - Du er fleksibel og har fagleg engasjement. - Du har gode evner til å engasjere og motivere. - Du tek initiativ og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr - Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst. - Gode pensjons- og forsikringsordningar. - Mentorordning for nytilsette. - Eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse på mange ulike fagområde. - Moglegheit for fagleg og personleg utvikling. - Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø. - Moglegheit for trening i arbeidstida. - Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Mari Bårdvik, Seksjonsleiar, (+47) 473 78 841 Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5156558523 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no