Stipendiat (100 %) i 3 år ved Klinisk institutt 2

Universitetet i Bergen BERGEN Publicerat 23 augusti 2026
Åremålonsite
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektene “Genetic Foundations of Appetite and Obesity in Early Life” og “Identification of factors affecting early growth to reveal biological mechanisms that may be targeted to prevent later obesity and diabetes” at the Mohn Research Center for Diabetes Precision Medicine (PRECISE-DIA)”, finansiert av Universitetet i Bergen Om prosjektet: Overvekt hos barn er ei aukande global helseutfordring, og det ligg føre sterke bevis for at genetisk disposisjon er ein sentral faktor for individuell sårbarheit i eit stadig meir fedmefremjande miljø. Forskargruppa vår har som mål å avdekkje den genetiske arkitekturen bak vektauke, appetitt og regulering av mettheit frå spedbarnsalder til ungdomstid, og å bruke denne kunnskapen til å forstå dei livslange konsekvensane av tidlege påverknadsfaktorar for metabolsk helse og diabetes. Stipendiaten vil få moglegheit til å arbeide med data frå den unikt rike Den norske mor, far og barn‑undersøkinga (MoBa) , som inneheld detaljerte genetiske, fenotypiske og spørjeskjemabaserte data frå om lag hundre tusen svangerskap (fhi.no/en/ch/studies/moba). Foreldra og barna i MoBa har blitt følgt sidan inklusjon i studien (rekruttering i perioden 1999–2008), noko som gir særlege moglegheiter til å studere sjukdoms‑ og helseutvikling gjennom livsløpet på tvers av to generasjonar. Resultata vil bli kombinerte med data frå internasjonale samarbeid med brei etnisk representasjon, for å mogleggjere identifisering av både vanlege og sjeldne genetiske variantar som påverkar kroppsutvikling tidleg i livet, eteatferd gjennom livsløpet og livslang helse. Prosjektet vil bli gjennomført ved Mohn Research Center for Diabetes Precision Medicine (PRECISE‑DIA) (uib.no/en/diabetes), lokalisert ved Avdeling for pediatri og ungdomsmedisin, Haukeland universitetssjukehus, Bergen, Noreg. Stipendiaten vil arbeide i eit tverrfagleg (medisin, genetikk, statistikk, epidemiologi, cellebiologi og informatikk) og sterkt internasjonalt orientert forskingsmiljø. Vi har eit tydeleg fokus på personleg og fagleg utvikling, og vil tilby rettleiing og opplæring både innan kjerneteamet og gjennom formalisert medrettleiing frå internasjonale samarbeidspartnarar. Det vil òg vere moglegheit for forskingsopphald i utlandet. Arbeidsområde Identifisere tidlege utviklingsforløp (både genetiske og ikkje‑genetiske faktorar) som kjenneteiknar sunn og usunn vekt‑ og livsutvikling Studere betydninga av både sjeldne genetiske variantar (NGS‑data) og vanlege variantar (GWAS) for vekstutvikling og eteatferd Delta i internasjonalt samarbeid innan genetikk i tidleg livsfase Identifisere genetiske effektar som verkar ulikt avhengig av om dei er arva frå mor eller far (såkalla foreldre‑opphavseffektar) Delta i tverrfagleg forskingsarbeid i gruppa og ved senteret Gjennomføre forskingsopphald i utlandet Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må ha mastergrad eller tilsvarande innan molekylær genetikk, medisin, genetisk epidemiologi, statistisk genetikk, medisinsk datavitskap eller bioinformatikk. Søkjar må i tillegg leggje ved ein eigen tekst der dei gjer greie for forskingsinteresser og motivasjon for prosjektet. I denne teksten skal søkjar: Dokumentere sterk interesse for prosjektet og analyse av store datamengder Syne høg motivasjon for prosjektet Dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og samstundes vere motivert for samarbeid med andre Syne evne og motivasjon til å gjennomføre eit ph.d.-prosjekt Ha svært gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk (sjå dokumentasjonskrav for nærare informasjon) Følgjande vil bli vurdert som ein føremon: Erfaring frå relevante forskingsprosjekt Erfaring med analyse av store omics‑datasett God kompetanse innan informatikk Erfaring frå internasjonalt samarbeid Personlege eigenskapar vert vektlagt ved vurderinga. For stillinga gjeldt følgande: Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg . Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet Forskarutdanning (ph.d.-programmet): Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga. Stipendiatstilling:

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no