Stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologi

Universitetet i Bergen BERGEN Publicerat 20 augusti 2026
Åremålonsite
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Vi ønsker deg velkomen som søkar til ei ledig ei stilling som stipendiat innan kognitiv psykologi, psykofysiologi og menneske-maskin-interaksjon ved Institutt for samfunnspsykologi. Stillinga er ei åremålsstilling på tre år, med moglegheit for eit fjerde år med karrierefremjande arbeid (til dømes undervisningsoppgåver ved instituttet). Planlagt oppstart er januar/februar 2027, og stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: - Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Technology-Enhanced Cognitive Resilience Toolkit for Disinformation Detection, Vulnerability Profiling, and Digital User Empowerment (infoSHIELD), eit femårig prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd. - infoSHIELD undersøkjer psykologisk sårbarheit for feilinformasjon og desinformasjon knytt til nye teknologiar, med særleg merksemd på KI-generert innhald. - Prosjektet kombinerer psykologisk kartlegging, åtferdseksperiment og psykofysiologiske metodar for å undersøkje dei kognitive og affektive prosessane som er involverte når ein vurderer misvisande informasjon. - Stipendiaten skal planleggje og gjennomføre eksperimentelle studiar ved hjelp av åtferdsbaserte og psykofysiologiske metodar, mellom anna EEG, hudkonduktans eller liknande målingar. - Arbeidsoppgåvene omfattar rekruttering av deltakarar, datainnsamling, førebehandling av data, statistiske analysar, tolking av resultat og formidling av forsking. - Stipendiaten skal utarbeide vitskaplege publikasjonar, vitskaplege rapportar og fullføre ei doktorgradsavhandling innanfor ramma av infoSHIELD. - Stipendiaten vil samarbeide med prosjektet sine tverrfaglege og internasjonale forskingspartnarar og delta på relevante prosjektmøte og forskingsaktivitetar. - Arbeidsstad er Bergen. Regelmessig fysisk tilstadevering er nødvendig for laboratoriearbeid, testing av deltakarar og samarbeid med den lokale forskingsgruppa. - Stipendiaten bør ha eit internasjonalt perspektiv og bidra til å etablere og vedlikehalde vitskaplege samarbeid med internasjonale forskingspartnarar. Dette inkluderer kortare opphald ved laboratoria til prosjektpartnarane og eventuelt lengre forskingsopphald. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Du må: - ha mastergrad eller tilsvarande innan psykologi, menneske-maskin-interaksjon, kognitiv vitskap, kognitiv nevrovitskap eller eit anna relevant fagområde innan søknadsfristen - normalt ha oppnådd karakter tilsvarande B eller betre på masteroppgåva etter norsk karakterskala. Søkjarar som ikkje oppfyller dette kravet, kan likevel bli vurderte dersom dette er tillate etter opptaksreglane ved fakultetet, og dersom dei kan dokumentere særleg vitskapleg prestasjon eller forskingspotensial gjennom fagfellevurderte publikasjonar, konferansebidrag, patent eller relevant forskingserfaring - oppfylle krava for opptak til ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen - ha relevant opplæring eller erfaring innan kvantitative forskingsmetodar, eksperimentell design og statistisk analyse - kunne dokumentere sterk vitskapleg motivasjon og interesse for menneske-KI-interaksjon, kognitiv psykologi eller relaterte tema - kunne arbeide sjølvstendig og systematisk, samstundes som du bidreg godt i samarbeidsbasert forsking - ha svært gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg engelsk - ha gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk - vere villig til å flytte til Bergen og ha regelmessig fysisk tilstadevering for laboratoriearbeid og prosjektaktivitetar, dersom du ikkje bur i Bergensområdet - vere villig til å gjennomføre forskingsopphald hos prosjektpartnarar i utlandet Det er ein fordel om du: - har relevant erfaring innan menneske-maskin-interaksjon, menneske-KI-interaksjon, forsking på feilinformasjon eller eksperimentell psykologi gjennom masteroppgåve, forskingsstilling, praksis eller arbeid utanfor akademia - har erfaring med å planleggje og gjennomføre laboratoriebaserte eller nettbaserte åtferdseksperiment - har erfaring med innsamling eller analyse av psykofysiologiske data, som EEG-data eller hudleidningsevnedata - har programmerings- og analysekompetanse i programvare som R, Python eller MATLAB - har erfaring med eksperimentprogramvare som PsychoPy, Psychtoolbox eller PsyToolkit - har erfaring med utvikling eller validering av psykologiske måleinstrument - har nytta opne og reproduserbare forskingspraksisar, inkludert preregistrering, transparent datahandtering eller reproduserbare analyseprosessar - har bidrege til vitskaplege publikasjonar, konferansepublikasjonar eller forskingspresentasjonar - har erfaring frå tverrfaglege eller internasjonale forskingsmiljø Personlege eigenskapar, vitskapleg motivasjon og forskingspotensial vil bli tillagt stor vekt i vurderinga. Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket vil bli lagt til grunn ved behandling av søknadene. Dersom universitetet ikkje har motteke vurdering frå Utanriksdepartementet innan 6-12 veker etter søknad om eksportlisens, vil eventuelt tilbod om tilsetjing bli trekt tilbake. For stillinga gjeld følgande: Om stipendiatstillinga Tilsetjingsperioden er tre år, med moglegheit for eit fjerde år som omfattar 25 % karrierefremjande arbeid (til dømes undervisningsoppgåver ved instituttet) fordelt over tilsetjingsperioden. Det fjerde året er avhengig av dine sine kvalifikasjonar og undervisningsbehovet ved instituttet, og blir avgjort av instituttleiaren ved tilsetjing. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen. Om ph.d.-utdanninga Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det p

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no