Stranda distrikt - helgevakt og tilkallingsvikarar
Vi søker etter tilkallingsvikarar i Stranda distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg.
Stranda distrikt består av sjukeheim med 38 plassar, omsorgsbustadar ved avdeling Dalane, Solbakken og Liabygda og tenester til yngre heimebuande brukarar med funksjonsnedsetting.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Skriv i søknaden kva du søkjer på:
- Stranda omsorgssenter avd. sjukeheimen - Helg og tilkalling
- Stranda omsorgssenter avd. heimetenesta - Helg og tilkalling
- Stranda omsorgssenter avd. HTF (heimeteneste til yngre med funksjonsnedsettingar) - Helg og tilkalling
Arbeidsoppgåver
Arbeid i pleie ved avdeling sjukeheimen
Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
Kvalifikasjonar
Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav.
Søkjarar til heimetenestene må ha førarkort.
Personlege eigenskapar
- Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
- Interesse for faget.
- Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov
Vi tilbyr
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
Løn etter kvalifikasjonar
Kontaktinformasjon
Astrid Helene Ringdal, Avdelingsleiar heimetenesta, 464 11 156
Hannah Velle Vadset, Avdelingsleiar sjukeheimen, 930 98 969
Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180
Arbeidsstad
Nymarkvegen 58
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5167459733
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 30.11.2026
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no