Taleskrivar

Justis- og beredskapsdepartementet OSLO Publicerat 6 september 2026
Fastonsite
Om stillinga Justis – og beredskapsdepartementet har ledig stilling som taleskrivar. Vi søkjer deg som skriv drivande gode talar og som er godt vant til å levere med korte fristar. Du vil skrive talar, kronikker og andre tekstar, men kan også ved høve løyse andre kommunikasjonsoppgåver. Du er sjølvdreven, engasjert og samarbeider godt med andre. Som medarbeidar i kommunikasjonseininga blir du del av eit lag med ni erfarne kollegaer, leia av kommunikasjonssjefen. Arbeidsoppgåvene i kommunikasjonseininga er mellom anna å gje råd og leggje til rette for mediekontakt og krisekommunikasjon, vi jobbar for å nå ut til publikum med relevant og viktig informasjon via pressen, regjeringa.no og sosiale medium. Vi samarbeider tett med politikarane, dei andre departementa, SMK og andre aktørar i kommunikasjonsarbeidet. Kvalifikasjonar Du må - ha relevant høgare utdanning, med fullført grad på bachelorgradnivå - ha interesse og svært god forståing for politikk og samfunnsliv. Du har god kunnskap om offentleg sektor. - ha erfaring frå relevant kommunikasjonsarbeid og taleskriving, gjerne for politiske leiarar eller andre toppleiarar - raskt kunne sette deg inn i nye problemstillingar og kunne forklare kompliserte tema på ein enkel måte - kunne formulere deg godt, både munnleg og skriftleg, på bokmål, nynorsk og engelsk i ulike sjangrar Vi søkjer deg som er imøtekomande, løysingsorientert og som samarbeider godt. Du er kunnskapsrik og har interesse for justisfeltet. Stillinga krev at du har god rolleforståing, analytiske evner, god vurderingsevne og forstår politiske prosessar. Du tar initiativ, jobbar sjølvstendig og er strukturert, og kan kaste deg rundt når det trengs. Du har god arbeidskapasitet, er nøyaktig og set deg raskt inn i ulike saker. Du er fleksibel og ikkje redd for å ta på deg nye oppgåver. Personellsikkerhet Stillinga krev at du kan få tryggleiksklarering og autorisasjon på nivå HEMMELEG. Sjå Sivil klareringsmyndighet Hva får du hos oss? Les mer om å jobbe i JD her. - spennande og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg miljø - fagleg utvikling og sjølvstende i arbeidet - interessant innblikk i politiske prosessar - gode forsikrings- og pensjonsordningar, med medlemskap i Statens pensjonskasse - eiga bedriftshelseteneste, moglegheit for trening i arbeidstida og deltaking i bedriftsidrettslag - fleksibel arbeidstidsordning - moderne arbeidsplassar i det nye regjeringskvartalet Les meir om å arbeide i JD her. Løn: rådgivar/seniorrådgivar 630 000 – 900 000. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vere aktuelt. Frå løna blir det trekt inn 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse Du må rekne med reiseverksemd, og morgon-, kvelds- og helgearbeid. Slik søker du Gå til lenkja «Søk stillinga» og legg ved vitnemål lasta opp frå Vitnemålsportalen og eventuelle attestar. Etter søknadsfristen blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. I samsvar med offentleglova § 25 må søkjarane vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om dei ber om ikkje å bli førte opp på den offentlege søkjarlista. Det blir òg utarbeidd ei utvida søkjarliste med CV-opplysningar som blir registrerte i portalen. Ta kontakt med oss før du eventuelt registrerer opplysningar av sensitiv eller tryggleiksmessig karakter. Alle søkjarar har rett til å gjere seg kjende med den utvida søkjarlista. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie få positiv særbehandling på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen. Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine. Vi gjer merksam på at vi kontaktar deg som søkjar gjennom JobbNorge. Du vil få ein e-post med varsel om å logge deg inn for å lese meldinga.

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no