Teknikar settefiskanlegg

OSLAND SETTEFISK AS BJORDAL Publicerat 26 april 2026
Fastonsite
I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal. Ei hjørnesteinsbedrift i Bjordal er Osland-konsernet. Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finner du ei topp moderne og lokaleigd bedrift, Osland Settfisk. Vi søkjer nå ein teknikar i ei nyoppretta stilling. Som teknikar er du med i gjengen (fagbrev innan biologi, elektro, automatikk) som driftar dette og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken fra rogn til stor-smolt. Spennande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk. Den lange erfaringa vår, kompetanse, handtering og fasilitetar sikrer at rogna som vert levert er den beste i rasen. Utviklinga av teknologien vår er ein kontinuerleg innsats, driven av ambisjonen om å setje standarden for kvalitet i bransjen. Arbeidsoppgåvene vil vere - Drift og oppfølgjing av RAS anlegg - Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr - Teknisk tilsyn - Journalføring og rapportering - Delta i utbyggingsprosjekt Vår nye teknikar må ha fagbrev innan relevante fag (elektro/automasjon/mekanisk/røyrleggjar) og ha god teknisk og gjerne biologisk forståing. Søkjarar med erfaring frå andre bransjar enn vår vert oppmoda om å søkje. Det er nødvendig med forståing for prosess (sensorar, elektriske motorar/pumper). Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team og beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg. Vi har ikkje turnusordning og ønskjer busetjing i eller nær Bjordal evt. vekependling. Osland Settefisk tilbyr - Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljø - Moderne anlegg og utstyr - Utfordrande arbeidsoppgåver - Gode faglege utviklingsmoglegheiter - Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje - Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar - Ein jobb der du slepp å tenke på sal, kundar og fakturering - Arbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustad Gode livsvilkår for barn og voksne med barnehage, skole, gode tilbud på fritidsaktiviteter/idrettslag og ei bygd med eit godt bomiljø.

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no