Tilkallingsvikar i kommunale barnehagar 26-27

Ørsta kommune ØRSTA Publicerat 9 augusti 2026
Vikariatonsite
Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for fagarbeidar/assistent og barnehagelærar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i barnehage. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027. Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i kommunale barnehagar. Arbeidsoppgåver Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde styrar. Aktuelle barnehagar: Barnas Vel barnehage (Tlf. 976 35161) Dalane barnehage (Tlf. 902 66822) Hovdebygda barnehage (Tlf. 480 05745) Rystene barnehage (Tlf. 971 01421) Sæbø barnehage (Tlf. 468 01495) Vartdal barnehage (Tlf. 480 86125) Kvalifikasjonar Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding. Personlege eigenskapar Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der. Vi tilbyr Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Om offentlege søkjarliste I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. Kontaktinformasjon Pål Einar Brekke, Kommunalsjef OKI Arbeidsstad Dalevegen 6 6153 Ørsta Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5163365967 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 04.07.2027

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no