Tilkallingsvikarar
Dei kommunale barnehagane søker tilkallingsvikarar ut året.
Vi søker deg som ønskjer å delta i ein barnehagekvardag med omsorg, leik, undring og læring i lag med aktive og nysgjerrige barn.
Sula Kommune har fire kommunale barnehagar:
Sunde barnehage ligger fint til på Eidsnes og har to avdelingar – 0-3 år og 3-6 år. Barnehage fekk nytt uteområde i 2017 og har ein friluftsprofil.
Måseide barnehage finn de i Mauseidvågen med mark, skog og vatn like i nærleiken. Vi har fire avdelingar- to 0-3 år og to 3-6 år. Vårt satsingsområde er språkmiljø.
Molvær barnehage ligg idyllisk til ved Geilnesfjøra, med sjøen som næraste nabo. Vi har fire avdelingar - to 0-3 og to 3-6 år. Vi er ein Syngande barnehage, og tema for året er: Les, syng og leik med meg.
Langevåg barnehage er ein barnehage med 6 avdelingar som ligg fint til langs molværsvegen i Langevåg. Kom gjerne innom barnehagen for meir informasjon om oss.
Du kan lese meir om alle barnehagane på vår heimeside, under Sula Kommune – Oppvekst og utdanning.
Spesifiser gjerne i søknaden om det er ein eller fleire barnehagar som er aktuelle. Vi tar kontakt med søkare fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Vere ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og voksne.
Ta vare på barna sine behov gjennom omsorg, leik, tryggleik og støtte.
Vere ein god samarbeidspartner for personale, foreldre og eksterne samarbeidspartnarar.
Arbeide i tråd med barnehagen sine verdiar og visjon.
Arbeide i tråd med Rammeplanen for barnehage, årsplan og barnehagen sine satsingsområder.
Kvalifikasjonar
God norskspråklege ferdigheiter (A2 skriftleg og B1 munnleg)
Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
Du må
- vere ansvarsfull, sjølvstendig og påliteleg.
- like å vere ute.
- ha gode kommunikasjonss og samarbeidsevner
- vere villig og open for å lære
Vi tilbyr
Kompetente kollega med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
Godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel.
Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Gode forsikringsvilkår Kontaktinformasjon
Anette Korsnes Andersen, Einingsleiar Måseide barnehage, 98636134, anette.korsnes.andersen@sula.kommune.no
Anita Beth Quon Eikrem, Einingsleiar Sunde barnehage, 95710295, anita.beth.quon.eikrem@sula.kommune.no
Anne-Kari Vadset, Einingsleiar Molvær barnehage, 414 68 780, anne-kari.vadset@sula.kommune.no
Hanne Lise Dybvik Sunde, Einingsleiar Langevåg barnehage, 98858816, hanne.lise.dybvik.sunde@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Rystene 30
6037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 4960205341
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 30.04.2027
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no