Tilkallingsvikarar - Legekontoret

Stryn Kommune STRYN Publicerat 30 augusti 2026
Vikariatonsite
Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Legekontoret søkjer tilkallingsvikarar Er du sjukepleiar, helsesekretær, helsefagarbeidar, medisinstudent eller har annan relevant helsefagleg bakgrunn? Då ønskjer vi å kome i kontakt med deg! Ved vårt legekontor møter du menneske i alle livsfasar og får vere ein viktig del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi treng tilkallingsvikarar som kan bidra ved fråvær, ferieavvikling og periodar med auka aktivitet. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå kompetanse og behov, og kan mellom anna omfatte: - Mottak og oppfølging av pasientar - Telefon- og resepsjonsarbeid - Laboratoriearbeid og prøvetaking - Assistanse ved konsultasjonar - Administrative oppgåver - Andre oppgåver ved legekontoret Kvalifikasjonar - Har relevant utdanning eller erfaring - Er serviceinnstilt og møter folk med respekt og omsorg - Arbeider strukturert og sjølvstendig - Trivst i ein hektisk kvardag - Bidreg til eit godt arbeidsmiljø - Har gode norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg Vi tilbyr - Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag - Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse - Verdifull erfaring frå primærhelsetenesta - Fleksible arbeidsdagar etter behov - Moglegheit til å arbeide med menneske og helse i sentrum Praktisk informasjon Arbeidet skjer etter behov, og vi ønskjer søkjarar som kan stille på kort varsel ved behov. Opplæring vil bli gitt. Har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Vi ser fram til å høyre frå deg! Kontaktinformasjon Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 95733547 Arbeidsstad Setrevegen 4 6783 Stryn Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5170396466 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 12.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no