Tilkallingsvikarar på legekontoret

Øystre Slidre kommune HEGGENES Publicerat 19 augusti 2026
Vikariatonsite
Vil du bli ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø? Då håpar vi å høyre frå deg! Øystre Slidre kommune sitt legekontor ligg på Heggenes, sentralt plassert mellom Beitostølen og Fagernes. Her møter du eit stabilt og godt arbeidsmiljø med fire spesialistar i allmennpraksis, ein LIS1-lege og dyktige medarbeidarar innan sjukepleie, bioingeniørfag og helsesekretærteneste. No søkjer vi tilkallingsvikarar som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Hos oss får du arbeide tett saman med erfarne fagpersonar og bidra til gode helsetenester for innbyggjarane i kommunen. Vi ser etter deg med helsefagleg utdanning og erfaring frå liknande arbeid. Dersom du allereie arbeider i turnus ein annan stad, vil vi så langt det er mogleg tilretteleggje for dette. Søkjarar blir kontakta og kalla inn til intervju fortløpande. Arbeidsoppgåver - Betene telefon og resepsjon - Ta imot og følgje opp pasientar i behandlingsrom - Utføre prøvetaking og andre oppgåver på laboratoriet - Bidra med andre oppgåver etter behov og kompetanse Kvalifikasjonar - Helsefagleg utdanning og autorisasjon, til dømes sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær, helsefagarbeidar, ambulansearbeidar - Det er ønskjeleg med erfaring frå jobb på legekontor - Tilsetjing føreset framlegging av tilfredsstillande politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4 Personlege eigenskapar - Du kan arbeide sjølvstendig, og i lag med andre - Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne - Du har evne til å arbeide strukturert, også i periodar med høgt arbeidspress - Du møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein imøtekomande og respektfull måte - Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver Vi tilbyr - Dyktige og hyggelege kollegaer - Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø - Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver - Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale - Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP Kontaktinformasjon Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185 Arbeidsstad Bygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5168075111 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 30.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no