Toårig prosjektstilling - TROLLing 2030

UiT Noregs arktiske universitet TROMSØ Publicerat 20 augusti 2026
Vikariatonsite
Om stillinga Ved Universitetsbiblioteket i Tromsø, UiT Noregs arktiske universitet (UB) er det ledig ei mellombels stilling som prosjektmedarbeidar i prosjektet «Next-generation research infrastructure for language and linguistics: TROLLing 2030». Vi søkjer ein resultatorientert og omgjengeleg pådrivar med ambisjonar om å bidra til å vidareutvikla TROLLing til eit påliteleg og framtidsretta arkiv for språkdata i verdsklasse. Den ledige stillinga er ei mellombels stilling i 17 månader. Ønskt oppstart er snarast mogleg, seinast januar 2027. Arbeidsstad er UiT i Tromsø. Om prosjektet Next-generation research infrastructure for language and linguistics: TROLLing 2030 Tromsø Repository of Language and Linguistics ( TROLLing) er eit fagspesifikt arkiv for forskingsdata frå lingvistikk og språkfag, tilgjengeleg for forskara verda over. Arkivet blei lansert i 2014 og er gjennom den nasjonale CLARINO-noden ein del av den europeiske CLARIN-infrastrukturen . Det overordna målet med TROLLing 2030 prosjektet er å styrkja og vidareutvikla TROLLing, slik at det kan tilby det språkfaglege forskingsmiljøet, både nasjonalt og internasjonalt, eit moderne, påliteleg og fagspesifikt arkiv for forskingsdata. Forankra i Eallju – Drivkraft i nord: UiTs strategi mot 2030 og i UiTs overordna politikk for open vitskap er TROLLing eit viktig ledd i UiT sitt strategiske arbeid med å fremja open vitskap og utvikla feltet i nært samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar. Den ledige stillinga vil vera ein del av TROLLing 2030-prosjektgruppa ved UiT, som består av tilsette frå UB, Institutt for språk og kultur, og IT-avdelinga. Saman med dei andre medlemene i prosjektgruppa vil prosjektmedarbeidaren ha ei sentral rolle i gjennomføringa av dei fire arbeidspakkane («WP») i prosjektet: - WP1 Future User Needs Analyses skal sikra at den oppgraderte infrastrukturen dekkjer dei viktigaste behova til sluttbrukarar og støttepersonell. - WP2 Service Enhancement and Development skal utvikla og forbetra funksjonane i tråd med resultata frå WP1. - WP3 Engagement and Outreach skal sikra at den nye infrastrukturen får brei aksept og blir teken i bruk i dei relevante brukargruppene. - WP4 Governance and Sustainability skal sikra at den oppgraderte infrastrukturen blir forvalta og utvikla på ein open, tillitsvekkjande, inkluderande og berekraftig måte. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver kan til dømes vera: - kartlegging og analyse av brukarbehov og relevante krav, standardar og tilrådingar - utforming av krav- og behovsbeskrivingar og tekniske kravspesifikasjonar - utvikling og validering av testmetodar, (prototype)modellar - utvikling og oppdatering av forvaltningsmodellar, policyar, retningsliner og andre rettleiings- og informasjonsressursar på nettsider og andre kanalar - involvering av og samarbeid med forskingsmiljø - utvikling og oppdatering av opplærings- og rettleiingsressursar - førebuing, gjennomføring og evaluering av opplæringsøkter for støttepersonell og forskarar - formidling og promotering av prosjektaktivitetar og -resultat - administrative prosjektoppgåver Stillinga er plassert på Avdeling for forskings- og utdanningsstøtte. Universitetsbiblioteket er i stadig utvikling og arbeidsoppgåver og/eller ansvarsområde og organisasjonstilhøyrsle vil kunna endra seg over tid. Dette stiller store krav til omstilling. Den som blir tilsett, må vera villig til å tilpassa seg slike endringar. Kvalifikasjonar Nødvendige kvalifikasjonar - høgare utdanning på minimum masternivå - gode digitale kunnskapar og dugleikar. Vi ber søkjar om å beskriva sin digitale kompetanse i søknadsbrevet. - erfaring frå prosjektarbeid - god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk og på engelsk Ønskte kvalifikasjonar - bakgrunn frå språkvitskap - erfaring frå drift og utvikling av forskingsdataarkiv eller liknande støttetenester for forskingsdatahandtering - erfaring frå forskingsarbeid - erfaring frå formidling og undervisning/opplæring innan høgare utdanning Ønskte eigenskapar I vurderinga av søkjarane vil vi vektleggja i kva grad dei er motiverte og personleg skikka til stillinga. Vi søkjer kandidatar som - jobbar strukturert og sjølvstendig og er løysings- og resultatorienterte - har gode samarbeidsevner og kommuniserer og samhandlar godt med kollegaer og andre prosjektdeltakarar og sluttbrukarar frå ulike land og med ulik bakgrunn - set seg raskt inn i nye oppgåver - er positive og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr - eit uformelt og godt arbeidsmiljø med dedikerte kollegaer - gode moglegheiter for fagleg utvikling - fleksibel arbeidstid - gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse - gode velferdsordningar, t.d. trening i arbeidstida - nødvendig opplæring Stillinga blir lønt etter statens lønnsregulativ som rådgjevar (stillingskode 1434) med ei brutto årslønn mellom kr. 590 000 - 700 000 eller som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med ei brutto årslønn mellom kr. 630 000 - 800 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. I særskilde tilfelle kan høgare lønn vurderast. Frå bruttolønn blir det trekt 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse. Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse, som gjev deg mange føremoner i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Les meir om tilsettføremonene dine på spk.no . Søknaden Søknad skal sendas elektronisk på søknadskjema på denne sida og skal innehalda: - søknadsbrev, CV, vitnemål og attestar - Elektronisk utfylt CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid) - Vitnemål og karakterutskrifter for alle gradar - dokumentasjon på formell kompetanse - dokumentasjon på språkdugleikar - namn og kontaktinformasjon til 2-3 relevante referansar All dokumentasjon som skal vurderast må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Inkluderande arbeidsliv og mangfald UiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vera ein arbeidsgjevar som speglar att

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no