Undervisningsstilling - 100% vikariat - Hordabø skule

Alver kommune BØVÅGEN Publicerat 6 september 2026
Vikariatonsite
Om stillinga Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Hordabø skule i Alver kommune frå snarast og fram til 31.12.2026 - Stillinga kan bli forlenga. Du kan lese meir om skulen her. Om Hordabø skule Hordabø skule ligg i Bøvågen, nord på Radøy. Me har i dag rundt 125 elevar og 25 tilsette. Me har gode uteområde som legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet. Skulen har fokus på å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar. I tillegg til læringsmiljøarbeidet er språk, lesing og skriving eitt av våre satsingsområde. Hordabø skule er nærskule til Radøytunet mottakssenter, me har difor elevar frå mange ulike nasjonalitetar. Dette gjev eit rikt og mangfaldig skulemiljø der me legg vekt på inkludering, respekt og fellesskap. Arbeidsoppgåver - planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar - systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling - aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid - skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte Kvalifikasjonskrav Det er ønskjeleg med lærarutdanning for 1-7 eller tilsvarande kompetanse. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Me tilbyr - Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange - Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer - Oppfølging og rettleiing - Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende. - God pensjonsordning i Statens pensjonskasse - Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Politiattest I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no