Vernepleiar, sjukepleiar, anna relevant sosialfagleg utdanning
Husahaugen bustadar er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har 9 bustadar, eigen personalbase og er organisert under Eining for habilitering. Bustadane er kommunalt eigd og bebuarane leiger hos Stord kommune. Husahaugen bustadar har visjonen; <<Gode relasjonar skapar trivsel og meistring>>. Overordna mål er å; - Skapa ein trygg og omsorgsfull heim - Gje god dagleg omsorg og sosial støtte - Leggje til rette miljøet for eigenmeistring - Bidra til eit godt samarbeid med pårørande Eining for habilitering har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.09.26. Stillinga er p.t. i Husahaugen bustadar. Arbeids- og ansvarsområde: Avdelingsleiar er administrativ leiar og har personalansvar for dei tilsette i avdelinga. Leiar skal følgje opp Stord kommune sine visjonar og verdiar, og eininga sine målsettingar og handlingsplanar. Avdelingsleiar har ansvar for: Arbeida for eit godt arbeidsmiljø Motivera og rettleia personale og medverka til at dei får utvikla seg, fagleg og personleg Førebygging av sjukefråvær og oppfølging av sjukemeldte Medverka til eit godt samarbeid med brukarar, pårørande, verneombod, tillitsvalde og andre samarbeidspartnerar Ha fokus på effektiv ressursutnytting til beste for alle tenestemottakarane Legga til rette for gode tenester i høve vedtak, økonomiske rammer, yrkesetiske retningsliner, etiske normer og gjeldande lovverk Sørgja for at avdelinga skaper klima for tverrfagleg samarbeid, både i avdelinga og på tvers av avdelingar Kvalifikasjonskrav: Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar Erfaring frå, og/eller interesse for, leiing. Leiarkompetanse og erfaring frå arbeid med brukargruppa er eit føremon. Kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og lovverk knytt til dette. Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest av nyare dato (maks 3 mnd) Me kan tilby: Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø Godt arbeidsmiljø Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk. Offentleg tenestepensjon. Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no