Videoprodusent for digital læring

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap FJELLDAL Publicerat 4 augusti 2026
Fastonsite
Brann- og redningsskulen søker ein engasjert og allsidig videoprodusent som vil vere med på å utvikle våre digitale læringsressursar. Hjå oss får du kombinere kreativ historieforteljing, pedagogisk formidling og moderne videoproduksjon i eit fagmiljø med eit viktig samfunnsoppdrag. Stillinga inneber både sjølvstendig produksjon og tett samarbeid med faglærarar som du vil kurse, rettleie og støtte. Du vil ha hand om prosessar frå ideutvikling til publisering. Ansvar og arbeidsoppgåver Leie produksjon av pedagogiske videoressursar til bruk i undervisning. Planlegge, gjennomføre og ferdigstille lyd- og videoopptak både i studio og ute i operative miljø. Bidra til å gjere fagstoff forståeleg og engasjerande gjennom visuell formidling. Gjennomføre kurs og rettleie tilsette i prosessen med videoproduksjon – frå idéutvikling til publisering. Samarbeide tett med kollegaer på tvers av seksjonar og med eksterne aktørar. Ta del i utvikling av standardar, malar og beste praksis for videoproduksjon. Ta del i arbeidet med kommunikasjon og våre digitale læringsarenaer. Kvalifikasjonar Du må ha: Høgare utdanning innan til dømes film og foto, medieproduksjon, journalistikk, PR og kommunikasjon, medievitskap eller retorikk. Relevant erfaring med videoproduksjon, digital formidling eller innhaldsproduksjon kan kompensere for manglande formell utdanning. Erfaring med planlegging og produksjon av video. Erfaring med videoredigering i Adobe Premiere Pro eller tilsvarande programvare. God norsk skriftleg og munleg framstillingsevne. Personlege eigenskapar God gjennomføringsevne. Sjølvstendig – kan jobbe med fleire prosjekter samtidig og motivere og drive seg sjølv. Lagspelar. Gode pedagogiske evner. Løysningsorientert. Vi ønsker at du har: Erfaring med produksjon av digitale læringsressursar eller undervisningsvideoar. Erfaring med manusarbeid og visuell historieforteljing. Erfaring med opptak av lyd og bruk av profesjonelt AV-utstyr. Pedagogisk teft og evne til å omsetje fagkunnskap til visuelt og pedagogisk godt innhald. Kjennskap til universell utforming, teksting og tilrettelegging av video. Erfaring med rettleiing, opplæring eller kursverksemd. Hjå oss får du Innplassering i stillingskode vert gjort innanfor rammene av lokal lønspolitikk og vert vurdert ut frå utdanning og erfaring: årsløn frå kr i stillingskode konsulent årsløn frå kr 525 000 – 715 000 i stillingskode 1434 rådgjevar årsløn frå kr 635 000 – 875 000 i stillingskode 1364 seniorrådgjevar Vera med på eit viktig samfunnsoppdrag Medlemsskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du svært gode pensjons-, forsikrings og boliglånsordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no . Fleksibel arbeidstid Høve til å trene i arbeidstida og tilgang på styrkerom og gymsal Tilrettelagt for mobilt kontor når det er hensiktsmessig Noko reiseverksemd må påreknast Om seksjonen og stillinga Stillinga er plassert i seksjon pedagogikk. Seksjonen har i dag fire tilsette som i hovudsak rettleier og støtter undervisningspersonalet med planlegging, evaluering og kvalitetssikring av undervisning. Seksjonen held kurs for tilsette ved skulen, inklusive dei som jobbar i praksisfeltet. Seksjonen har no fått i oppdrag å bidra tettare med videoproduksjon av læringsmateriell og gje støtte og fagleg rettleiing til tilsette som skal produsere videoar. Du får høve til å vere med å utvikle innhaldet i stillinga. Vi ønsker difor at du er sjølvgåande og tek ansvar for utvikling og framdrift for eigne arbeidsoppgåver. Du kjem til å jobbe spesielt tett med faglærarar og rådgjevarar med ansvar for pedagogikk, kommunikasjon og digitalt læringsinnhold. Du må dermed vere ein utprega lagspelar. Det overordna ansvaret til seksjonen, er å bidra til at undervisninga på Brann- og redningsskulen er av best mogleg kvalitet. Vi skal ha læringa til studentane og kursdeltakarane i fokus, ved å sørge for at dei som underviser er best mogleg rusta til oppgåva. Om Brann- og redningsskulen Oppdraget til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til landets brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar. Vi tilbyr eit breitt utval av kurs, blant annet i brann og redning, forebygging, naudalarmering, oljevern og leiing. Vi har ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med forebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Vi bygger no opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegaer med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det store mogelegheiter for kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem. Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Skulen tek årleg imot 160 heiltidsstudentar og over 1 000 kursdeltakarar. Saman skal vi bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld. Les meir på heimesida til Brann- og redningsskulen . Offentleg søkarliste Vi utarbeider offentleg søkarliste etter at søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkaren kan bli offentliggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista, jf. Offentligloven §25. Praktisk informasjon om søknadsprosessen Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du oppretter i rekrutteringssystemet. I tillegg ber vi om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. For å jobbe i DSB må du være tryggleiksmessig skikka og bidra til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik på heimesida vår . Bakgrunnssjekk blir gjennomført før tilsetting. Interne søkarar må sende inn søknaden i DFØ HR.

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no