Vikariat for fastlege på Sandtangen legesenter

Helse og rehabilitering, Time kommune BRYNE Publicerat 19 augusti 2026
Vikariatonsite
Det er behov for vikar for ein fastlege som skal i permisjon ved Sandtangen legesenter på Bryne fra 19. oktober 2026 til ca. 9. august 2027. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande. Sandtangen legesenter er sentralt plassert i sentrum av Bryne, like ved togstasjonen. Legesenteret består av 8 fastlegar, både spesialistar i allmennmedisin og legar under spesialisering. Me har eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel i arbeidskvardagen står i fokus, anten det gjeld det faglege eller det sosiale. Legar i spesialisering får god rettleiing og supervisjon, med låg terskel for å drøfte ting i kollegiet. Me har eit fantastisk hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, bio-ingeniør og helsesekretær. Desse er svært veldrevne og sjølvstendige i sine arbeidsoppgåver. Legekontoret er moderne utstyrt i flotte og sentrumsnære lokaler. Me har blant anna EKG, spirometri og ultralyd som brukast i den diagnostiske kvardagen. Legesenteret har Webmed som journalsystem. Dette er eit svært godt journalsystem, som er enkelt å setta seg inn i. Det er kort vei til togstasjon. Arbeidsoppgåver - Følge opp pasienter på liste (1000 pasienter) - Legevakt 36 delt i Klepp (kvled/helg) og ca. 60 delt i Hå (natt) Kvalifikasjonar - Gjennomført Lis 1 tjeneste - Norsk autorisasjon og refusjonsrett - Beherske norsk munnleg og skriftleg på minst nivå B2 - Godkjent politiattest Du må laste opp relevante vitnemål og attestar og legge ved ditt HPR nummer Personlege eigenskapar - Interessert i allmennmedisin - Strukturert og sjølvstendig - God på samhandling, samarbeid og kommunikasjon - Bidra til eit godt arbeidsmiljø - Leger som vil jobbe som næringsdrivende vil bli prioritert Vi tilbyr - Vikariat i fastlegestilling på et veldrevet og stort legekontor - Eit godt fagleg arbeidsmiljø og kjekke kollegaer Kontaktinformasjon Ingvild Lohne Frøyen, Fastlege, 94295633, ingvild.sandtangen@gmail.com Øystein Fjetland Øgaard, Kommuneoverlege, 45662014, oystein.fjetland.ogaard@time.kommune.no Lene Hammervold Olsen, Verksemdleiar helse og rehabilitering, 92284538, lene.hammervold.olsen@time.kommune.no Arbeidsstad Kirsten Brynes veg 7 4344 Bryne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5149970046 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 19.10.2026 Sluttdato: 09.08.2027 Søknadsfrist: 14.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no