Vikariat PP-rådgjevar

Osterøy kommune LONEVÅG Publicerat 30 augusti 2026
Vikariatonsite
Osterøy kommune søkjer ein engasjert PP-rådgjevar i 100 % vikariat frå 27.09.2026. Hos oss får du arbeide tverrfagleg og bidra til at barn og unge får heilskaplege og gode tenester. PPT er ein del av Familiens hus, eit tverrfagleg kommunalt tilbod som òg omfattar Barn- og familieteam, helsestasjon og barnevern. Familiens hus er organisert under sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Som BTI-kommune arbeider Osterøy systematisk for tidleg innsats, samordna tenester og godt tverrfagleg samarbeid. Målet er å styrkje tilbodet til barn, unge og familiar med barnet sitt beste som eit overordna prinsipp. I Osterøy PPT arbeider vi førebyggjande og tett saman med barnehagar, skular og andre samarbeidspartnarar, med særleg vekt på inkludering. Kvar barnehage og skule har ein fast kontaktperson. Organiseringa skal sikre nærleik, god samhandling, tidleg innsats og bidra til å styrkje kvaliteten i det ordinære tilbodet. PPT er ein sentral drøftings- og samarbeidspartnar for barnehagar og skular. Vi bidreg i kvalitetsutviklingsarbeidet gjennom systemretta arbeid, rettleiing og kompetanseutvikling. Gjennom sakkunnig vurdering, systemretta arbeid og kompetanse- og organisasjonsutvikling bidreg PPT til at barnehagar og skular kan førebyggje vanskar og leggje til rette for inkluderande fellesskap. Vi arbeider for at barn og elevar som har behov for tilrettelegging, får eit forsvarleg og inkluderande pedagogisk tilbod. Vi arbeider forskingsbasert og systematisk for å tilby tenester av god fagleg kvalitet. - Legg inn informasjon om stillinga Arbeidsoppgåver - Vere fast kontaktperson for grunnskular - Gi konsultasjon og rettleiing til tilsette i skulen og føresette - Delta i drøftingar med skular og andre samarbeidspartnarar - Bistå skulane i kompetanse- og organisasjonsutvikling - Delta i utviklingsarbeid i samarbeid med sektor for oppvekst, undervisning og kultur - Delta i tverrfagleg samarbeid - Gjennomføre utgreiing og kartlegging - Utarbeide sakkunnig vurdering Kvalifikasjonskrav - Relevant utdanning på master- eller hovudfagsnivå innan pedagogikk eller spesialpedagogikk - Søkarar med relevant bachelorgrad og særleg relevant erfaring kan bli vurderte - God kjennskap til og erfaring frå undervisning i grunnskule, særleg 5-10.trinn - Kompetanse og erfaring med rettleiing, utgreiing og kartlegging - God munnleg og skriftleg framstillingsevne - Gode samarbeids- og relasjonsbyggjande evner - God organisasjonsforståing - Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert - Robust med god arbeidskapasitet - Påliteleg og ansvarsbevisst - Du må disponere eigen bil Personlege eigenskapar og relevant erfaring frå PPT vil blir vektlagt. Krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. jf. opplæringslova § 17-11 Vi tilbyr - Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø - Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver - Opplæring ved oppstart - Fokus på fagleg utvikling - Fleksitidsordning - Bilavtale - Løn etter gjeldande tariffavtale - Offentleg tenestepensjon Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY Spørsmål om stillinga Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Trude Litangen Jacobsen, PPT-leiar, på telefon 453 37 899 eller e-post trude.litangen.jacobsen@osteroy.kommune.no Søknad med CV sender du elektronisk via kommunen sitt søknadssystem innan 27.09.2026 . Aktuelle vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no